Masterclass 2023: ‘Kontrapunktets kunst’
Årets tema er ‘Kontrapunktets kunst’. Me fokuserer på ‘Die Kunst der Fuge BWV 1080’ av J.S. Bach og
på nokre Ricercari av Frescobaldi, Trabaci og A. Gabrieli som framstår som forbilete for Bachs
kontrapunktføring.
I årets masterclass vil me sette fokus på utviklinga av kontrapunktets kunst.
Lærarane våre Francesco Cera og Léon Berben.
Dei vil undervise på to av dei beste orgla i Noreg for å framføre tidlegmusikk:
Ponzani-orglet i Fjære kirke, inspirert av E. Bonifazi (1638, Roma)
og Flentrop-orglet i Dypvåg kirke, inspirert av Arp Schnitger (1698, Dedesdorf).
Cera tar for seg Ricercari og Canzoni av Frescobaldi, som er vakre og tydelege eksempel på kontrapunkt på høgt nivå.
Det blir undervist også om meistarane A. Gabrieli frå Venezia og Trabaci frå Napoli.
Berben tar for seg kontrapunktets meistarverk av J.S.Bach „Die Kunst der Fuge“ BWV 1080.
Verket blei publisert i partitur heilt i tråd med renessansens tradisjon om nedskrive kontrapunkt i form av 4-stemte ricercari. På 1700-talet blei „Die Kunst der Fuge“ sett som eit verk for tangentinstrument
generelt, for orgel eller cembalo. Berben vil fokusere undervisinga om korleis framføre på orgel dette
stykket i „stile antico“ på ein uttrykksfull måte og med retorikkens kunst. Rett og slett framføre det
som ‚levande kunst‘.
Undervisningsplan:
Tysdag 18.07.23: Fjære kyrkje. Undervisning (Ricercari av Frescobaldi, Trabaci og A. Gabrieli). Konsert ved Francesco Cera og Léon Berben.
Onsdag 19.07.23: Dypvåg kyrkje. Undervisning (satsar frå BWV 1080). Konsert ved Francesco Cera og Léon Berben.
Torsdag 20.07.23: Fjære kyrkje. Morgonmesse i regi av akademiet. Tid til individuell øving. Lunsjkonsert ved deltakarane
(frivillig). Undervisning.
Fredag 21.07.23: Dypvåg kyrkje. id til individuell øving. Lunsjkonsert ved deltakarane (frivillig). Undervisning.