Orgelet i Fjære kirke

 

Orglet i Fjære kyrkje vart bygd av den italienske orgelbyggjaren Giuseppe Ponzani (Roma) og stod ferdig i 2017. Dette orglet er sterkt inspirert av eit historisk instrument, bygd av Ennio Bonifazi i 1640. Det står i San Lorenzo-kyrkja i Sant’Oreste utanfor Roma by. Dette instrumentet er ekstremt interessant fordi 98% av pipemateriale er originalt frå 1640 og fordi Bonifazi alt på 1620-talet hadde tett samarbeid med Girolamo Frescobaldi i Peterskyrkja. Orglet i Sant’Oreste ber preg av Frescobaldis klangidealar. Alle mensurane, legering, tresortar, intonasjon, transmisjon osv. i orglet i Fjøre kyrkje er laga etter originalet i Sant’Oreste.  Orglet er stemt i 1/4 komma middeltone og har 5 enharmoniske subsemitangentar nett som originalet for å framstille eit stort tal reine dur-tersintervall.

Prof. Francesco Cera har vore prosjektleiar for dette nye orglet i Fjære kyrkje. Dette orglet er eit unikt ambassadør for italiensk renessanseorgelkunst i Norden.

Disposisjon:  

Principale I Bassi,         Prinsipal l 8′ bass

Principale I Soprani,    Prinsipal I 8′ sopran

Principale II,                    Prinsipal II 8′

Ottava,                               Oktav 4′

Decimaquinta,               Oktav 2′

Decimanona,                  Kvint 1 1/3′

Vigesimaseconda,      Oktav 1′

Vigesimasesta,             Kvint 2/3′

Vigesimanona,              Oktav 1/2′

Flauto in ottava bassi,              Fløyte 4′ bass

Flauto in ottava soprani,          Fløyte 4′ sopran

Flauto in duodecima,                 Nasat 2 2/3′

Trombone Romano bassi,      Trombone 8′ bass 

Trombone Romano soprani,  Trombone 8′ sopran

Contrabbassi (al pedale),        Kontrabass 16′ (pedal)

Tremolo Dolce,                            Tremulant

Tiratutti.                                          Ripieno (trekk f.o.m. oktav 2′ t.o.m. oktav 1/2′)

 

Om renessanseorgelet i Fjære  (Kristin Eek i Orgelspeilet 3-2018)

Bakgrunn for nytt orgel i Fjære kyrkje (Andrea Maini i Orgelspeilet 3-2018)

Renessanseorgelet i Fjære – Detaljert beskrivelse (Hans van der Meijden / Andrea Maini)