Om oss

Frescobaldiakademiet spring ut or orgelkomitéen for det nye italienske renessanseorgelet i Fjære kyrkje. Verksemda vår har andre prioriteringar enn Fjære Sokn men noko av aktivitetane er samanvevde i miljøet der. Frescobaldiakademiet er blitt ein profilert aktør på Sørlandet når det gjeld tidlegmusikk og orgelkunnskap. Me er blitt eit referansepunkt nasjonalt når det gjeld kunnskap om italiensk orgelmusikk. T.d. blei kunstnarlegleiaren vår invitert av Kåre Nordstoga og av Dagfinn Klaussen til å spele italiensk renessanseorgelmusikk på ei samling av norske domkantorar 14. juni i fjor i Fredrikstad gamle domkyrkje. Karin Nelson (NMH) valde Frescobaldiakademiet og renessanseorgelet i Fjære for ei førelesing om tidlegmusikk for nokre år sida. Under orgelakademiet vårt om sommaren deltar både studentar og påmeldte kantorkollegaer frå Agder og t.d. Rogaland på morgonmessa der forsamlinga har anledning til å lytte til ulike utøvarar. Tidlegmusikk blir ein del av ‘maskineriet’ i liturgien. Der og under konsertane får deltakarane også ei større kontaktflate med det lokalt publikum.

Temaet til Grimstad Organ Academy 2023 er ‘The Art of Counterpoint’ dvs. hovudfokus på kontrapunkt og J.S. Bachs Die Kunst der Fuge BWV 1080. Lærarane Francesco Cera og Léon Berben skal kaste lys på likheitar med tidlegare italienske ricercari for tangentinstrument i partitur som ricerari av Girolamo Frescobaldi og av Rocco Rodio (Napoli, 1500-talet). Undervisninga er båe om teori og praksis og skal skje over 4 dagar, 18. og 20. juli i Fjære k. og 19. og 21.juli i Dypvåg k. Deltakarane blir set i stand til å spele passande delar av Die Kunst der Fuge på middeltoneorgelet i Fjære kyrkje og passande delar på Flentrop-orgelet med historisk stemming. Deltakarane skal spele framføre delar av BWV 1080 under morgonmessa torsag 20. juli. Der skal dei også prøve å improvisere enkle forspel til salmene i kontrapunktal stil. Lærarane skal halde to opne konsertar som også er del av meisterklassene, ein i Fjære k. på det italienske orgelet to.20. og ein i Dypvåg k. på det nordtyske orgelet. Repertoaret der skal kaste lys på samband mellom italienske og tyske kontrapunktale orgel- og cembaloverk inkludert Die Kunst der Fuge.